Engasjement kring Vågå kulturskule

I formannskapet sitt framlegg til økonomiplan for perioden 2018-2021 er eitt av tiltaka at det skal gjenomførast ei omorganisering av Vågå kulturskule. Dette har vekt debatt.

Forslaget, som går ut på å omorganisere kulturskulen ved å søkje tettare samarbeid med frivillige lag og organisasjonar, får no stor offentleg merksemd.

Gro Dybvik, på vegne av lærarkollegiet ved kulturskulen, lurer på om dette er kroken på døra for kulturskulen i Vågå - sjå debattinnlegg i m.a. GD

Emil Skotlien meiner at kommunen i ei økonomisk utfordrande tid bør prioritere ein god og verdig eldreomsorg - sjå debattinnlegg i Fjuken (pluss-artikkel)

Anne Silje Berg, på vegne av Vågå husflidslag, meiner at det ikkje er det frivillige si rolle å erstatte det offentlege tilbodet - sjå debattinnlegg i Norddalen

Bygdalista ber om innspel til prioriteringar i budsjettarbeidet - sjå innlegg i Fjuken (pluss-artikkel)

Det er og oppretta eit opprop mot forslaget, som i skrivande stund har 137 signeringar

 

Framlegget til økonomiplan skal opp til endeleg behandling i kommunestyret 12. desember.