Ekstremværet "HANS" - oppdatering 09.08.2023 kl. 19.52

PATRULJERING:

Det blir patruljert i områda som er evakuert for å sikre eigedom og observere eventuelle etterskred. Vi ber om at publikum ikkje oppsøker evakuerte områder. 

EVAKUERING: 

Vågå kommune har til nå evakuert 223 av innbyggjarar våre. Til grunn ligg ei konkret vurdering av nåsituasjonen samt skredkart, men som alle ser så er endrar situasjonen seg stadig.  Det inneber at naboeigedomar kan oppleve å få ulike meldingar.

Det har gått eit leirras på Tessand og Vågå kommune har evakuert eigedomar inntil vi får avklart om det er fare for fleire. Dei er evakuert ned på Tessandskulen.

Det har gått leirras i Skårsbrekka og Øverbygdsvegen og det er fare for nye ras. Innbyggjarane i området er evakuert til Lalm Samfunnshus.

Det er nå sendt ut ytterlegare evakueringsvarsel av enkelte eigedomar i Sjårdalsvegen som også blir evakuert til Lalm samfunnshus.

Det er fare for ras ovanfor Rugsvee i Vågå sentrum, 7 eigedomare blir evakuert til Lalm samfunnshus. 

 

VEG 09.08.23 

Vi oppfordrar alle som ikkje absolutt må ut og køyre om å halde seg heime. Vegmeldingane endrar seg stadig!

Sjekk Statens vegvesen for informasjon om stengte veger her. 

FV51 er stengt mellom Randsverk og Sjodalen Hyttetun!

RV15 er stengt mellom Vågåmo og Lom på grunn av ras.

RV15 mellom Vågå og Otta er nå open. 

Solsidevegen er stengt mellom Vågå og Lom, ved Sande. 

I Skjervegjelet har dei nå opna opp eit felt. 

Vegen er stengt mellom Valdegardane og Felleset. 

Det har vore ras på Fylkesveg Sjårdalen, ved Skottlien. Mogleg omkøyring om Kveom. 

Sætavegen er stengt ved brua nedanfor Øygarden grunna vatn i vegen. Vegen er stengt for gjennomkøyring.