Ekstra utbetaling til mottakarar av sosialhjelp

Stortinget har bede kommunane om å gi mottakarar av sosialhjelp ei ekstra utbetaling i desember.

Alle som har motteke sosialhjelp i desember vil få kr 1.000,- pr pers i husstanden.

Dette blir overført utan enkeltvedtak frå Vågå kommune, tysdag eller onsdag denne veka.

I tillegg har kommunestyret vedteke å utbetale same sum som Stortinget. Denne vil bli utbetalt saman med summen frå Stortinget.

Det blir difor utbetalt kr 2.000,- frå Vågå kommune ekstra pr hustandsmedlem til dei som har motteke økonomisk sosialhjelp i desember. Utbetalast 20. eller 21. desember 2022.