Covid-situasjonen og vaksinering i Vågå, pr 30.4.21

Vi har no fått svar på alle prøver frå onsdag og i går, og samtlige var negative. Det inneber at vi framleis har 1 person i isolasjon og 6 personar i karantene.

Testing 1. mai

Vågå har regional beredskap 1. mai for koronatelefon og testing. 

Ut frå smittesituasjonen i regionen, kan det blir stor pågang. Alle 6 kommunane er med i denne regionale ordninga.

 

Vaksinasjonsstatus i Vågå

Totalt er det no 1.289 personar som har fått vaksine i Vågå. Av desse er det 446 som har fått 2 doser.

Totalt har vi gitt 144 doser denne veka, fordelt på 88 til dose 1 og 56 til dose 2.

Vaksinasjon neste veke (veke 18):

Vi får totalt 126 doser av Comirnaty/Pfizer. Alle som får tibod om vaksine blir oppringt.

 

Praktisk om vaksinering

Koronavaksinasjon skjer på kulturhuset onsdagar, evt torsdagar.

I forkant av vaksinasjonen skal du fylle ut eit eigenerklæringsskjema

Treng du bistand til å fylle ut skjema, eller treng du skyss til vaksinasjonsstaden, så sei frå om det når du blir oppringt med tilbod om vaksine.

Alle som får tilbod om vaksine blir oppringt. Det er difor ikkje naudsynt at du ringer for å sjekke når du får vaksine. Blir du oppringt av helsesenteret eller frå telefonnummer 95 25 39 90, ber vi om at du tek telefonen. Vi opplev at ein del ikkje svarer, og det medfører ein del ekstra arbeid for oss.

Vi held for tida på med vaksinering av aldersgruppa 65-74 år, samt personar med underliggande sjukdommar i andre aldersgrupper og nokre få med samfunnskritiske jobbar.

Det er vaksina frå Pfizer/Comirnaty som blir sett om dagen.

 

Kva kan vaksinerte gjere no

To doser er nødvendig for fullgod beskyttelse, men allereie tre veker etter fyrste dose har ein god beskyttelse. Beskyttelsen etter fullvaksinasjon varer i minst eit halvt år, antakeleg mykje lengre. Dei som har gjennomgått covid-19 det siste halve året er tilsvarande godt beskytta som dei som er fullvaksinert.

Sjølv om beskyttelsen er god, er det likevel mogleg for vaksinerte å bli smitta av covid-19, og det er også mogleg for vaksinerte å smitte andre. Dette gjeld sjølv om ein ikkje merkar at ein sjølv er smitta.

Ute blant folk kan ein ikkje vite om det er uvaksinerte personar i risikogruppa i nærleiken. Så lenge det er mange som er ubeskytta i samfunnet, og siden vaksinerte i nokre høve kan bli smitta og smitte andre, må råd og reglar vera dei same for vaksinerte som for uvaksinerte i det offentlege rom. Etter kvart som stadig større andel av befolkninga blir vaksinert, vil antallsbegrensningar og andre generelle smitteverntiltak i samfunnet kunne lettast på for alle.

 

Nærare om AstraZeneca og vidare vaksinering

Alle som har fått 1. dose AstraZeneca vaksine vil få tilbod om vidare vaksinering med mRNA-vaksine. Mange av desse står nå for tur for 2. vaksine.

Viktig informasjon til alle som venter på 2. dose etter AstraZeneca vaksinasjon:

AstraZeneca vaksinen mot  Covid 19 er nå tatt ut av det norske vaksinasjonsprogrammet. Vi har i løpet av denne veka fått info om opplegget rundt dei som har fått ei AstraZeneca vaksine. Dei får tilbod om ei mRNA vaksine. Hos oss i Vågå betyr det ei BioNtech-Pfizer vaksine. Det er den vaksina vi har brukt heile vegen, men unntak av 187 vaksinedoser. Vi har god erfaring med Pfizervaksina både lokalt og nasjonalt.

Planen om å oppretthalde vaksineringa av AstraZeneca vaksinerte med Pfizer vaksine onsdag 5. mai blir endra.

Det gjeld 77 personer, vesentleg helsepersonell. Dei vil i løpet av kort tid, truleg 3 veker, få ny dato med tilbod om ei Pfizervaksine. Det betyr at 77 uvaksinerte vil få si fyrste dose Pfizervaksine onsdag 5. mai. Dei vil bli innkalt i løpet av mandag 3. mai og tirsdag 4. mai etter prioriteringsliste.

Informasjon til dei AstraZeneca-vaksinerte vil bli distribuert via leiarane for etatane de jobber i. Vi vil gjere vårt beste med å gi informasjon om dette via kommunen si hjemmeside og eventuelt på annan måte neste veke.

For dei som har fått AstraZenecavaksine 10.3.21, med ny vaksinedato onsdag 12. mai, vil det komme ny informasjon neste veke. Vi veit enno ikkje om vi endrer tidspunkt også for disse, men helst skal vi gi Pfizervaksinen innen 12 veker (9-12 veker).