Covid-situasjonen i Vågå, 31.3.21

I Vågå er det pr i dag ingen med påvist smitte, og det er heller ingen som er i karantene.

Vågå kommune følgjer tett utviklinga i smittesituasjonen i Norge, og vi gjer merksam på at det raskt kan komme endringer som også påverkar oss lokalt.

Vi oppmodar samstundes alle om å følgje med på dei nasjonale råd og retningsliner som gjeld til ei kvar tid, via regjeringen.no.

Totalt er det 795 personar som no er vaksinerte, og av desse er 248 fullvaksinerte.

Plan for vaksinasjon neste veke (veke 14):

Comirnaty/Pfizer:  Vi får totalt 102 doser.

 41 doser går til 2. vaksinasjon. Resterande 61 doser går til 1. dose.  Det er framleis aldersgruppa 75-84 år som blir vaksinert. Personar født i 1944/45 vil bli kontakta. I tillegg nokon med underliggande sjukdom i andre aldersgrupper.

Koronavaksinasjonen vil gå føre seg på Kulturhuset onsdagar, event. torsdagar.

I forkant av vaksinasjonen skal du fylle ut eit eigenerklæringsskjema. På Vågå kommune si heimeside ligg det ein link til dette skjemaet.

Treng du bistand til å fylle ut skjema eller treng du skyss til vaksinasjonsstaden så meld frå om dette når vi ringer deg.

Namn på vaksina: Pfizer/Comirnaty.

I aldersgruppa 75-84 år er vi kome til personar født i 1944/45.  Er det nokon som ikkje har fått tilbod om vaksine som er født før 1944 så gje oss beskjed.

Blir du oppringt frå helsesenteret eller 95 25 39 90, så vær  venleg å ta telefonen.

Vågå kommune ønskjer alle ei riktig god påske!