Covid-situasjonen i Vågå, 26.4.21

Båe prøver avgitt fredag var negative. I dag er det testa 6 personar.

Pr i dag er det 1 person med påvist smitte som framleis er i isolasjon, og vi har 6 personar i karantene.

Vaksinering denne veka:

Vi får 144 doser med Comirnaty/Pfizer denne veka. Fordelinga er 83 til fyrste dose og 61 til 2. dose. Det er aldersgruppa 65-74 år som no blir vaksinert, samt nokre i andre aldersgrupper med underliggande sjukdom og nokre få med samfunnskritiske jobbar.

Dei som er født i åra 1947-1948 er dei som no blir ringt til med tilbod om vaksine.

Totalt er det 1.145 personar som har fått vaksine, og av desse er det 390 som er fullvaksinert.

AstraZeneca

Neste veke vil dei som har fått AstraZeneca 1. dose, få tilbod om 2. dose av ei anna type vaksine. Nærare beskjed om type vaksine vil komme på fredag. Tidspunktet du har fått for 2. dose står framleis ved lag og du kan møte opp på kulturhuset til den dagen du har fått oppgitt.

Praktisk om vaksinering

Vaksineringa skjer på kulturhuset onsdagar, evt torsdagar

Dei som får tilbod om vaksine blir oppringt. Det er ikkje nødvendig å ringe for å sjekke når du får tilbod om vaksine.

Alle som skal vaksinerast, skal fylle ut eit eigenerklæringsskjema på førehand

Treng du bistand med utfylling av skjema, eller treng du transport til vaksinasjonsstaden, så sei frå om det når du blir oppringt med tilbod om vaksine

Blir du oppringt frå helsesenteret, eller frå telefonnummer 95 25 39 90, ber vi om at du tek telefonen. Vi opplev at ein del ikkje svarer på telefon, og dette medfører ein del ekstra arbeid for oss.