Covid-situasjonen i Vågå, 21.4.21

Det er framleis 2 personar i isolasjon i Vågå, og vi har 20 personar i karantene, samt nokre i ventekarantene.

Det vart tatt 11 testar i går. Desse har vi ikkje fått svar på. Det er også tatt 4 testar i dag.

Elles går vaksinasjonen som planlagt, og oppdatering på gjenomført vaksinasjon denne veka, samt plan for neste veke kjem på fredag.