Covid-situasjonen i Vågå, 20.1.21

Vågå har pr i dag ingen i isolasjon. Det er ein person i karantene.

Det er gitt 59 koronavaksiner hittil i Vågå.

Stortinget har no vedteke at kommunar med lågt smittetrykk vil kunne servere alkohol i samband med matservering. Slik smittesituasjonen er no, vil Vågå difor ha moglegheit til å opne for alkoholservering etter dei nasjonale føringar som er gjeldande for kommunar med lågt smittetrykk, som inneber at det blir skjenkestopp ved midnatt og gjestar kan ikkje sleppast inn etter kl 22.00. Ordninga trer i kraft frå og med midnatt natt til fredag 22. januar.