Covid-situasjonen i Vågå, 16.4.21

Av dei 35 prøvene som vart tatt i går, er det 30 negative, 1 positiv og 4 vi ventar svar på. Det blir jobba med smittesporing.

I dag er det tatt 21 nye testar.

Totalt har vi no 2 med påvist smitte i Vågå.

Dei som var med skulebussen til/frå Skogbygda måndag 12. april er ute av ventekarantene. I tillegg er 4. klasse også ute av ventekarantene.

9. klasse er framleis i ventekarantene inntil vi får svar på nokre fleire testar. 

Koronatelefonen, tlf 95 25 39 90, vil vere open i helga, kl 10.00 - 14.00 både laurdag og søndag.

Status vaksinering

Totalt er det 1043 personar som har fått vaksine, og av desse er det 346 som er fullvaksinerte.

Vaksinasjonsplan veke 16:

Vi får totalt 102 doser av Comirnaty/Pfizer. 46 doser går til 2. vaksinasjon og 56 doser går til 1. vaksinasjon. Vi er no i skjæringspunktet mellom to aldersgrupper, 75-84 og 65-74 år, og det er personar født i 1946-1947 som no blir kontakta. I tillegg kjem nokon med underliggande sjukdom i andre aldersgrupper.

Er det nokon i aldergruppa født 1945 eller eldre som ikkje har fått tilbod om vaksine, så ta kontakt med helsesenteret eller koronatelefonen.

Vi opplev at det er ein del som ikkje svarar på telefonen. Blir du oppringt frå helsesenteret eller frå telefonnummer 95 25 39 90, så ber vi om at du tek telefonen, då det gjer arbeidet vårt enklare.

Eigenerklæringsskjema

Før du møter til vaksinering skal du fylle ut eit eigenerklæringsskjema. Treng du bistand til å fylle ut skjema, eller treng du skyss til vaksinasjonsstaden, så meld frå om det når vi ringer deg.

 

Vaksinering skjer på kulturhuset onsdagar, evt torsdagar.

NB! Alle som står for tur til å få tilbod om vaksine blir oppringt av oss. Du treng difor ikkje ringe for å sjekke når du skal få vaksine.