Covid-situasjonen i Vågå 10.05.21

Vågå kommune har ingen smitta/i isolasjon eller i karantene pr. nå. I dag vart tre personar testa. 

Ad. AstraZeneca vaksine:

Dei som har fått ei dose AstraZeneca vaksine skal ha ei Pfizer vaksine som 2. dose. Vaksinen  heiter Comirnaty.

Dei som fekk ei dose AstraZeneca vaksine den 03.03.21 skal kome onsdag 26.05.21. Same stad og  tidspunkt som du var innkalla på 1. dose.

Dei som fekk ei dose AstraZeneca vaksine den 10.03.21 skal kome onsdag 02.06.21. Same stad  tidspunkt som du var innkalla på 1. dose.

Vi har fått lovnad om vaksiner til desse datoane, men manglar stadfesting, så det kan oppstå endring på plan. Da får dykk beskjed.

Vi må likevel planlegge med at det blir slik. Da blir det 12 veker mellom dosene, og det er det som er anbefalt.