Covid-situasjonen i Vågå 10.04.21

Det er nå påvist smitte  i Sel og Dovre kommune og Vågå kommune følgjer tett med på situasjonen. I Vågå er det førebels ingen med påvist smitte, men det er personar som er sett i karantene og ventekarantene. 

Vi oppmodar alle innbyggjarane om å teste seg dersom dykk har symptom.

Informasjonstelefonen om korona i Vågå er 95 25 39 90. Telefonen er også open laurdag 10.04.21 og sundag 11.04.21 mellom kl. 11-14.

Alle MÅ følge gjeldande smittevernråd:

Ha god hand- og hostehygiene

Hald 2 meter avstand til andre enn eigen husstand

Ha få nærkontakter

Test deg ved mistanke om smitte

Hugs bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å halde avstand

Vi oppmodar alle om å vere lojale mot beskjeder fra legekontoret rundt karantenebestemmelser.