Covid-situasjonen 12.05.21

Vågå har ingen smitta/ i isolasjon eller i karantene pr. nå. Fire nye vart testa i løpet av dagen. 

Vågå kommune har brukt alle vaksinane som har vorte gjort tilgjengelege for oss. Årsaka til at vi ligg litt etter på % fyrstegongsvaksinerte samanlikna med landsgjennomsnittet er at vi prioriterte å fullvaksinere fleire sårbare og eldre før vi gjekk over til ny vaksinasjonssyklus  (frå 3 til 6 veker) mellom fyrste og andre vaksinedose.

 

Alle som har fått 1. dose AstraZeneca vaksine vil få tilbod om vidare vaksinering med mRNA-vaksine. Mange av desse står nå for tur for 2. vaksine.

Viktig informasjon til alle som venter på 2. dose etter  AstraZeneca vaksinasjon: AstraZeneca vaksinen mot  Covid 19 er nå tatt ut av det norske vaksinasjonsprogrammet. Vi har i løpet av denne uka fått info om opplegget rundt de som har fått en AstraZeneca vaksine. De får tilbod om en mRNA vaksine. Hos oss betyr det en BioNtech-Pfizer vaksine. Det er den vaksinen vi har brukt hele vegen, men unntak av 187 vaksinedosar. Vi har god erfaring med Pfizer vaksinen både lokalt og nasjonalt.  

Planen om å oppretthalde vaksinering av AstraZeneca vaksinerte med Pfizer vaksine onsdag 26.05 og 02.06. står framleis ved lag. Dei personane dette gjeld skal ha fått ein sms om dette. Har du fått 1. dose AstraZeneca og du ikkje har fått sms ang. ny dato for vaksinering. Ta kontakt med helsesenteret.  

 

Viktig informasjon til alle som har fått AstraZeneca vaksine, sjå link nedanfor.

Informasjonsbrev til FHIs samarbeidspartnere .pdf

Til deg som har fått første dose av AstraZeneca.pdf

 

 

 

Vaksineringsstatus:

 

Antal doser satt totalt

1509 dosar

Tal personar med minst 1 dose

950 personar

Tal fullvaksinerte

559 personar

Plan for vaksinasjon denne veke

Comirnaty/Pfizer: Vi fekk totalt 94 doser. 40  stk 1. dose. 54 stk  2. dose.

Plan for vaksinasjon neste veke

Vi får 102 doser neste veke. I følge  prioriteringslista står nå  personar født i 1951/52/53. Vi vaksinerer framleis i  aldersgruppa over 65 år. I tillegg nokon med underliggande sjukdom i andre aldersgrupper.  Og ein liten prosent av dei som har samfunnskritiske jobbar.

Prioritet på vaksine denne veke (gruppe)

Tilbyr vaksine til personar i aldersgruppa 65-74 år. Dei eldste blir prioritert fyrst.

 

 

 

Koronavaksinasjonen vil gå føre seg på Kulturhuset onsdagar, ev. torsdagar.

I forkant av vaksinasjonen skal du fylle ut eit eigenerklæringsskjema. På Vågå kommune si heimeside ligg det ein link til dette skjemaet.

Treng du bistand til å fylle ut skjema eller treng du skyss til vaksinasjonsstaden så meld frå om dette når vi ringer deg.

 

Namn på vaksinen: Pfizer/Comirnaty.

Vi vaksinerer i aldersgruppa 65-74 år. Er det nokon som ikkje har fått tilbod om vaksine som er 71 år eller eldre så gje oss beskjed. Det er  6 veker mellom 1. og 2. dose.

Vi ringer rundt til alle, men mange tek ikkje telefonen.  Dette krev ekstra mykje arbeid for oss. Blir du oppringt frå helsesenteret eller 95 25 39 90, så vær  vennleg å ta telefonen.

 

Hugs at alle vil bli kontakta for vaksinering når det er din tur. Du treng ikkje ringe for å høyre når du får vaksine, vi ringer deg.