Covid-19 situasjonen og aktivitetar i Vågå kommune 14.12.21

Nasjonale retningsliner gjer at skular og  barnehagar  i Vågå går over på gult nivå frå og med onsdag 15.12. Alle foreldre og føresette har fått informasjon om dette direkte.

Barn og unge i barnehage- og grunnskulealder kan ha organiserte fritidsaktivitetar (kultur/idrett), men med eit maks tal på 20 innandørs. Det er ikkje tilrådd å ha cupar, kampar eller turneringar med barn frå ulike stader.

Vågåhallen blir stengt for trening med vaksne og unge over ungdomsskulealder frå  onsdag 15.12.  

Bibliotek og frivilligsentralen er ope, men med eit maks tal på besøkande på 20 og krav til 1 m avstand og ekstra reinhald.

For øvingar i kor/korps/spelemannslag:  Maks 20 og med 1 meters avstand.

Kinoforestillingar 19. og 26. desember blir gjennomført, men med eit maks tal på 50 og krav til avstand og munnbind/spriting ved inngangen.

Eldrekinoen går som planlagt, men med maks 50 i salen, krav til avstand og munnbind/spriting ved inngangen.

Akedagen  i Dompe blir arrangert  så sant det er snø.

Kulturskulen si framsyning fredag 17.12.  blir avlyst.   

Kyrkjekonserten i Vågåkyrkja den 28. desember blir utsett til 2022.

Vi minner om avstand!

Når det ikkje er mogleg å halde minst éin meters avstand, ut over kortvarige passeringar til andre enn husstandsmedlemmar, skal det brukast munnbind i butikk, i fellesareal på kjøpesenter, på serveringsstader, på kollektivtransport, på innandørs stasjonsområde, på innandørs arrangement, i bibliotek og i museum.

Plikten til å bruke munnbind gjeld ikkje medan ein sitt ved eit bord på serveringsstad eller tek inn mat eller drikke sitjande.