Covid-19 situasjon i Vågå 13.01.21

Vågå har vaksinert 45 personar pr. i dag.

Vågå har seks i isolasjon og sju i karantene.

I dagens pressekonferanse frå Regjeringa får landets befolkning skryt for å følgje oppfordringane som kom frå dei 3. januar. "Norge har sett det sosiale livet sitt på vent".

Vi må framleis førebu oss på å leve med restriksjonar medan vaksinasjon held fram. Ein smittsom mutasjon av Covid-19 aukar risikoen for rask spreiing i befolkninga.

For å unngå å kome i same situasjon som andre land som er hardt ramma, må Norge førebu seg på krevjande veker.

Høie seier at dei veit mykje om ulempene ved ulike tiltak, men har enno ikkje god nok erfaring av kva effekten av tiltaka er. Regjeringa vil i samråd med Helsedirektoratet og FHI vurdere kva for tiltak dei skal setja i verk. Tiltaka blir offentleggjort etter at dei har vore informert om i Stortinget den 19. januar.

Vi ber folk om fortsatt å følgje dei nasjonale smittevernråda.