Covid-19 situasjon 02.02.21

Vågå kommune held seg fortløpande orientert om utviklinga etter eit mogleg smitteutbrot i Sel kommune. 

I går vart to personar testa her i Vågå, ingen av desse var positive. I dag er fire testa, fem er sett i karantene og ingen er i isolasjon. 

Denne veke kom det bortimot 100 nye vaksine-dosar. 1/3 av desse blir nytta til re-vaksinering at dei som allereie har fått ei dose medan det er bortimot 60 personar som blir vaksinert for første gong.

Helsesenteret vil ta kontakt med dei som får tilbod om vaksine så det er ikkje nødvendig at den enkelte tek kontakt sjølv. Vågå følgjer prioriteringsrekkefølgja til FHI: Les meir her.