Covid-19 oppdatering 14.12.21

Regjeringa kom med ytterlegare kontaktreduserande tiltak i går kveld grunna aukande smitte i befolkninga. Meir smitte, høgt sjukefråvær og fråvær grunna karantenereglar gjer at helsevesenet blir overbelasta. Dette gjeld både sjukehus og kommunale helsetenester.

Dei nye nasjonale reglane som gjeld frå kl. 24.00 14.12.21 finn du her:

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/strengere-nasjonale-tiltak-for-a-begrense-smitten/id2892042/

I tillegg til strengare reglar vil Regjeringa vere offensive med tanke på å auke vaksinasjonsgraden i befolkninga mellom anna ved å be om hjelp frå Forsvaret og apoteka. Kravet om perioden mellom 2. og 3. dose blir sett ned til 4,5 månader. Statsministeren oppfordrar sterkt til at alle skal vaksinere seg både for å beskytte seg sjølv mot alvorleg sjukdom, men også for at samfunnet skal takle den store auka i smitte. Dei vaksinerte blir mindre sjuke enn dei som er uvaksinerte og krev mindre av helsevesenet.

Servicetorget ved Vågå kommunehus vil vere ope, men vi ber at ein gjer avtale med rett saksbehandlar i forkant.