Covid-19 oppdatering 08.12.21

Regjeringa la fram nye nasjonale smitteverntiltak som skal gjelde frå kl. 24.00 natt til torsdag 09.12.21. Dei vil vara i fire veker, men blir vurdert etter to veker. Sjå nærmare detaljar her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/nye-nasjonale-smitteverntiltak-for-a-beholde-kontrollen/id2891395/

Bakgrunn for dei strengare tiltaka er i hovudsak overbelastning av helsevesenet samt å avgrensa spreiing av omikron-viruset (siste mutasjon av covid-19).

Det er lite som tydar på omikron-mutasjonen vil gje meir alvorleg sjukdom, men sidan det blir fleire smitta så får ein automatisk også fleire som blir alvorleg sjuke. Regjeringa ber om at alle takkar ja til vaksine slik at vi hindrar alvorleg sjukdom.

Målet med tiltaka er å redusere sosial kontakt men samtidig skjerme barn og unge.

Vi lister opp viktige råd og anbefalingar for avstand og sosial kontakt:

  • Alle bør halde 1 meters avstand til andre enn husstandsmedlemmar og tilsvarande nære.
  • Anbefalingane gjeld ikkje barn i barnehagar og barneskular. Det er også unnatak for vaksne som jobbar med tenester for barn og unge og sårbare grupper.
  • ein bør ikkje ha fleire enn 10 gjester heime ut over eiga husstand. Ein kan ha inntil 20 gjester ein gong i løpet av jule- og nyttårshøgtida, men det bør vere ein meters avstand mellom gjestane. Alle må tenke gjennom kor mange nærkontaktar ein har samla sett.
  • Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort/klasse/avdeling sjølv om det overstig anbefalt antall gjester.
  • Reduser antall nærkontaktar, men ikkje isoler deg.
  • Treff andre utandørs når det er mogleg.

Vaksinasjonsstatus for Vågå pr.  i dag er at 93,3% av befolkninga over 18 år har teke første dose og 89,7% har teke andre dose. Vi minnar om vaksinasjon i Vågåhallen fredag 10.12.21 der dei prioriterte gruppene er personar over 60 år og dei med underliggande sjukdommar.

Kriseleiinga følgjar situasjonen tett og vil vurdere ytterlegare tiltak så snart vi veit meir, mellom anna når vi får påvist smitte av omikron.

Det har den siste tida gått ut mange av isolasjon så pr. i dag er det rundt 10 personar som er smitta.