Covid-19 oppdatering 06.12.2021

Det er meldt om 6 nye positive smittetilfeller i Vågå i løpet av helgen. Vi ber fortsatt om at folk er varsomme i kontakt med andre og følger dei nasjonale smittevernrådene.

https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/befolkningen/smittevernrad-for-befolkningen/

Vi ber om at alle med symptom eller har vore i nærkontakt med smitta tek sjølvtest så fort som råd, og fram til negativt svar ligg føre skal ein opptre som at ein er smitta.

Vågå kommune har koronatelefon i helsesenterets opningstid 952 53 990.

Vaksinasjon fredag 10.12.2021 frå kl 13.00-17.00

Det er eit nasjonalt mål om at alle over 65 år og personar med underliggende sjukdommar skal ha fått 3.vaksinedose før jul. Desse gruppene er difor vår fyrsteprioritet i massevaksinasjonen fredag 10.12.2021 i tidsrommet 13.00-15.00. I tidsrommet frå kl 15.00-17.00 ber vi personar over 60 år, pluss personar som ikkje har fått 1. og/eller 2. dose om å koma.