Bandtvang innført frå 27. januar

Vågå kommune innfører bandtvand under tregrensa, heimla i §2 i kommunal forskrift om bandtvang.

Det er dei store snømengdene i skogen som gjer det naudsynt å nytte seg av §2 i lokal forskrift.

§ 2

Rådmannen i Vågå blir gjeve fullmakt til å innføre bandtvang under ekstraordinære forhold som gjer det påkravd for å verne om viltet.

§ 3

Forskrifta gjeld ikkje for:

a.            dresserte gjetarhundar i arbeid

b.            tenestehund i arbeid, samt under lovleg trening eller prøving

c.            hund nytta i ettersøk etter såra eller sjukt vilt

d.            jakthundar som nyttast under lovleg jakt, samt under lovleg trening eller prøving og som blir følgd på forsvarleg måte av eigar eller innehavar

e.            hund nytta til lovleg uttak av rovvilt

f.             organisert trening av brukshundar

 

Bandtvangen tek til å gjelde frå 27.1.2023 og fram til kommunedirektøren opphevar bandtvangen.

Det er dei store snømengdene i skogen som gjer det naudsynt å nytte seg av § 2 i lokal forskrift.