Bålforbod i skog og utmark

I tida 15. april til 15. september gjeld det generelt bålforbod i Norge. Då er det normalt ikkje lovleg å tenne bål, eingongsgrillar, bålpanner eller anna open eld i skog og utmark. 

Det er likevel lov å tenne bål der det openbart ikkje kan byrje brenne, t.d. om det ligg snø på bakken eller har vore mykje nedbør i lengre tid. Det er og lov å bruke primus og kokeapparat i perioden med bålforbod, men du må vere aktsom og vurdere om det er trygt.

Det er like fullt viktig å hugse på at gnister kan fly langt, og det kan vere tørt der gnisten landar, sjølv om det er fuktig der du gjer opp eld.

Det er og viktig å minne om det det er du som tenner eld som har det heile og fulle ansvaret for at det foregår trygt og at det er skikkeleg slokka.

For oppdatering på skogbrannfare (og andre naturvarsler) kan du følgje med på varsom.no eller du kan også følgje Vågå brannvesen på facebook eller instragram