Avsperringar rundt hallen/kulturhuset i samband med ombygging

I samband med bygging av svømmebasseng og utskifting av taket på Vågåhallen, vil adkomst til kulturhus og idrettshall bli avgrensa.

Oppstart av byggjearbeidet vil vere rundt 21. august. Skravert område på kartet vil vere sperra med byggegjerde. Eksisterande innkøyring til kulturhus og hall, frå Vågåvegen, vil bli sperra.

Kartskisse som viser avgrensa område rundt kulturhus og hall i samband med ombygging - Klikk for stort bildeKartskisse som viser avgrensa område rundt kulturhus og hall i samband med ombygging Vågå kommune

Det vil berre vere mogleg med privat køyring til eigedomane, via ein veg som blir midlertidig etablert inntil Smedsmojordet. 

For adkomst til kulturhus må det nyttast parkering og adkomst frå Halland. Er det nokon som treng å komme inntil kulturhuset med bil, vil vaktmeister kunne opne bom mot Halland. 

Alle som skal til Vågåhallen må nytte hovudinngangen til hallen.

Adkomst til fotballbaner vil vere frå parkeringa på Halland, og på baksida av hallen.

Nokre naudutganger kan vere sperra i delar av byggjeperioden. Om det skal vere arrangement i kulturhus eller hall må det varslast om dette i god tid, slik at vi kan gjere tiltak for å sikre at naudutgangar er i orden. Varsling kan i tilfelle skje til teknisk byggleiar Anders Tessnes, tlf 91 57 94 45.

Kontakt

Anders Tessnes
Teknisk byggjeleiar prosjekt
Mobil 915 79 445