Aktiv sommarferie 2018

Aktiv sommarferie blir i år i tida 13. - 17. august. Det er frammøte kl 9.00 og henting kl 15.00 kvar dag på Halland. Alle tek med mat og drikke kvar dag.

Det kostar kr 500,- pr barn og er eit tilbod for ungar fødd 2011 tom. 2005. Påmeldingsfrist er 15. juni (påmeldingsskjema finn du lengst ned i artikkelen)

Program

Måndag 13.august – Aktivitet i Vanglandet

  • Ta fisk ut av garn, tilberede og grille fisk på bål
  • Leik i skogen
  • Lage såpebobler og papirfly

Tysdag 14. august

  • Idrettsdag på Lalm stadion med lengde, kule, høgde, stafett
  • Gå turstig til Kvennberget og leike der

Onsdag  15.august

  • Tur til Finndalen. Sjå på dyr og setrer. Leik

Torsdag 16.august

  • Gå til Blessomlykkja og ha aktivitet der
  • Dei eldste, frå 4. - 7. klasse, får tilbod om overnatting i telt/lavvo

Fredag 17. august 

  • Dei yngste, frå 1. - 3. klasse, går til «St.hans-haugen» i Langskåre og har aktivitet/naturløype der
  • Dei eldste, frå 4. - 7. klasse, ordnar teltcampen og har aktivitet i Blessomlykkja
  • Alle møtast på kommunehusplenen til is og avslutning kl. 14.00

 

Velkomen til ei artig veke! 

Helsing oss vaksne - Hege, Anne Johanne, Jørgen, Giday, Nahom og Mona

 

Kontakt

Mona Sveen
Folkehelsekoordinator
Mobil 996 93 818