136 svar på evalueringsskjema etter ekstremværet Hans

På den opne evalueringa via heimeside/facebook, der vi inviterte deg som innbyggjar i Vågå til å seie di meining om handteringa av ekstremværet, kom det inn heile 136 svar. Dette er vi svært nøgd med.

Den fyrste, overordna oppsummeringa frå denne undersøkinga vart lagt fram for kriseleiinga i går.

Svara vi har fått, inngår i ei større evaluering som vi gjer av denne hendinga. Konkrete tiltak som resultat av den totale evalueringa vil vi difor komme attende til i løpet av dei komande vekane.

Nokre har via evalueringsskjema oppgitt ønskje om å bli oppringt av kriseleiinga, og de vil bli kontakta ganske snarleg.