Skogfond

Formålet med ordninga er å sikre finansiering av ein berekraftig forvaltning av skogressursane. Skogfondet skal gje skogeigaren eit betre grunnlag for langsiktige investeringar, samt sikre viktige miljøverdiar i den skogen som virket kjem frå, eller i annan skog som skogeigaren har.

Skogfondet består av midlar som skogeigarane pliktar å sette av ved alt salg av tømmer og biobrensel.
Skogeigar er pliktig til å sette av valgfri sats mellom 4 – 40% av bruttoverdien av virke som blir omsett frå eigedommen. 

Ved bruk av skogfondsmidlar er 85% skattefritt, noko som gjer dette til ei svært gunstig ordning for å finansiere tiltak i skogen.

 

Skogfond kan brukast til:

  • Skogkulturtiltak, som planting og ungskogpleie 
  • Nybygging og ombygging av skogsveger, samt ombygging av velteplasser
  • Vedlikehald av skogsbilvegar og velteplassar
  • Miljøtiltak, som pleie av kantsoner i skog  
  • Skogbruksplanlegging
  • Bioenergianlegg og -utstyr for varmeleveranse
  • Forsikring av skog  
  • Kursavgift og kursmateriell for kurs knytta til skogens drift 
  • Oppmerking av eigedomsgrenser i forbindelse med jordskifte

Det kan også dekke meirverdiavgift til de aktuelle tiltaka, men det er ikkje skattefordel til dette.

Les meir om skogfond