Søk om plass i Vågå kulturskule

Søknadsskjema

Fristen for å søkje plass i kulturskulen er som regel kring mai/juni, men nærare dato blir annonsert via heimesida og via informasjon som blir delt til skuleelevane. For skuleåret 2023/24 er fristen for å bli med i hovudopptaket den 14. juni.

Prisar for deltaking i kulturskulen

 

Å vere elev ved Vågå kulturskule

Om du blir tatt opp som elev ved Vågå kulturskule, må du følgje reglane for kulturskulen. Den som får tilbod om plass får eit "forventningsnotat" som både elev og føresette skal sette seg inn i samband med skulestart om hausten. Dette notatet seier m.a. noko om øving, frammøte, respekt for lærarar og medelevar, motivasjon, samarbeid mellom kulturskulen og heimen, samt oppfølging av eleven sin innsats og utvikling.

Påmelding til kulturskulen er bindande!

Om du får plass og takkar ja til plassen vil du få rekning for fyrste halvåret, uansett om du byrjar eller ikkje. Dette m.a. av omsyn til kontraktar som blir gjort med lærarane og økonomien i kulturskulen. I mars vil ein få eit brev der ein seier frå om ein vil halde fram eller ikkje. 

Artikkelliste

Kontakt

Anita Moe
Kulturskulerektor
Mobil 901 58 217

Underviser også i fløyte og teater.