Gitar

Passar frå 3. klasse og oppover

Gitar -  og bassundervisninga i kulturskulen er ubegrensa i høve til musikkstil. Elevane kan få lære alt mogleg som finst av rytmisk musikk, frå rock, pop, jazz, funk, afro musikk, osb.

Om du er liten eller stor, med eller utan gitar- eller basserfaring, så er du velkomen! Vi gjev deg enkelt og avansert gitar- eller bassundervisning. Du får og vere med i samspelgrupper og delta på kulturskulen sine arrangement.

På gitar og bass får du lære gitarteknikk, improvisasjonsteknikk, akkordar, skala, rytme og mange låtar.

Du kan spele akustisk gitar, halvakustisk gitar, el-gitar eller elbass. Kulturskulen har nokre instrument til utlån, men oppmodar elevane til å kjøpe sin eigen gitar og evt ein forsterkar.

Lærar på gitar og bassgitar er Paulo Macamo.

Artikkelliste

Kontakt

Paulo Macamo
Lærar kulturskulen
Mobil 916 84 376

Underviser i gitar, trommer, bass, 3. klasse korps, karusell musikk og teater