Tverrfløyte

Lærar er Anita Moe

Passar frå 4. klasse og oppover

Om tilbodet

Elevane som speler i kulturskulen får tilbod om å leige instrument. I kulturskulen vil dei få lære blåseteknikk, pusteteknikk og fingerteknikk, noter, musikkteori, spele mange musikkstykke i ulike genre. Vi  jobbar og ein del med å lytte, og å spele etter gehør. I blant må elevane lage eigne songar. Dei har individuell time, men vi bruker og mykje tid på samspel, både med fleire fløyter men og med andre instrument.

Elevane som melder seg på fløyte kan  få vere med i Vågå skulekorps saman med dei andre blåsarane våre!

Fløyte passer for elevar frå 8-9 år og oppover.

Om instrumentet

Tverrfløyta er eit av dei eldste instrumenta vi kjenner. Den forma ho har i dag er relativt ny, men dei tidlegaste variantane har eksistert i uminnelige tider. Tverrfløyte høyrer med i gruppa treblåsarinstrument, saman med mellom anna klarinett, saksofon og obo. Fløyta er i dag laga av metall. Dei dyraste modellane er handlaga av gull, sylv eller platina. Instrumenta som kulturskulen bruker er laga av ei metallblanding, men er ikkje av edelmetall.

Tverrfløyte brukast i nær sagt alle musikalske samanhengar: korps, symfoniorkester, , jazzensemble, storband, rockegrupper, i  kammermusikkensemble og som soloinstrument. Den er og mykje brukt i filmmusikk, visesong, folk-rock osb.

Fløyta er det lysaste av alle instrument. I eit orkester med over 100 musikarar kling fløyta på toppen over alle dei andre instrumenta med sin skinnande sylvklang. Det er relativt lett å spille hurtige løp på fløyte og det er eit fint melodiinstrument. Det er skriven utruleg mykje  musikk for fløyte i ein eller annan samanheng.

Det finst ulike fløytetypar, den minste heiter piccolofløyte og den største heiter bassfløyte. I kulturskulen bruker ein den vanlegaste fløyta, som er akkurat passe stor.

Artikkelliste

Kontakt

Anita Moe
Kulturskulerektor
Mobil 901 58 217

Underviser også i fløyte og teater.