Klageadgang på helsetenester

Informasjon om dine rettar og moglegheiter til å klage på helsetenester

1. Rett til å klage

Som tenestemottakar har ein rett til å klage om ein meiner at ein ikkje har fått oppfylt sine rettigheiter som pasient, eller at ein ikkje har motteke dei helse- og omsorgstenester ein har krav på. Pårørande kan og ha klagerett.

Lov om pasient- og brukarrettigheiter

 

2. Klage på lege, sjukehus eller andre helsetenester

Du kan sende ei klage om du meiner at du har vorte dårleg eller urettvis behandla av helsetenesta.

Døme:

  • Legeteneste
  • Jordmorteneste
  • Fysio- ergoteneste
  • Heimesjukepleie
  • Praktisk bistand

m.m.

Korleis du går fram avheng av kva som har skjedd. Klaga må beskrive kva som har skjedd, inkludert tid og stad.

 

3. Klage på vedtak eller avgjersle:

Om din behandlar har gjeve deg avslag på noko du har bede om, eller teke ei avgjersle som du er usamd i, kan du sende ei rettigheitsklage

Døme:

  • Fått avslag på behandling
  • Ikkje henvist til spesialist
  • Ikkje fått time/ tilbod til rimeleg tid
  • Ikkje fått informasjon eller oppfylging

Ei slik klage sender du til aktuell teneste:

Tenesteleiar for Helse- og rehabilitering, Liv Olasveen 

Tenesteleiar for Vågåheimen, Marianne Stadeløkken 

Tenesteleiar for Heimetenesta, Kitt-Heidi Telebond 

Tenesteleiar for Miljøterapitenesta, Ina Haugen Rindhølen 

eller til Tildelingskontoret v. Synnøve Vistekleiven 

Informasjon kring klage på sjukehustenester finn du på heimesida til det aktuelle sjukehus 

 

4. Be om tilsynssak

Om ein meiner det har skjedd noko ein meiner er feil ved behandling eller omsorgen ein har fått, kan ein be Statsforvaltaren opprette tilsynssak 

Døme:

  • Ein meiner ein har fått feil behandling
  • Har fått feil medisin eller dose
  • Vorte skrive ut for tidleg
  • Ikkje er nøgd med omsorgen ein har fått

Denne klaga sendar ein direkte til Statsforvaltaren 

 

5. Søkje om erstatning:

Om ein har fått ei skade som skuldast svikt i helsetenesta, kan ein søkje om erstatning. Du søkjer da til Norsk pasientskadeerstatning (NPE).

Slik søkjer du om erstatning 

 

6. Pårørande kan klage

Som pårørande kan ein klage på at ein ikkje har fått sine rettigheiter som pårørande. Du kan og klage på vegne av vener og familie som ikkje kan klage sjølv.

Som regel må du ha fullmakt eller vera oppnemnd som verje med mandat til å ivareta personlege interesser for å klage på vegne va ein annan person.

 

7. Bistand/ informasjon

HelseNorge 

Pasient- og brukarombodet