Borgarleg vigsel i Vågå kommune

Frå 1. januar 2018 overtok kommunen ansvaret for gjennomføring av borgarleg vigsel. Dette inneber at tingretten eller byfogden ikkje lenger skal ha denne oppgåva.

Kven kan vigsle

Ordførar eller varaordførar har etter lova mynde til å vigsle eit brurepar, i tillegg har  kommunestyret gjort vedtak om at kommunedirektør Jan Egil Fossmo har mynde til å vigsle.

Mange par ønskjer å gifte seg borgarleg. På desse sidene finn dykk informasjon om borgarleg vigsel og korleis dykk skal gå fram for å kunne gifte dykk hjå oss. 

 

Vilkår

Det er visse vilkår i ekteskapslova som skal vera oppfylte for at ein skal kunne gifte seg, sjå kapittel 1 – Vilkår for å inngå ekteskap i lovdata.

 

Prøvingsattest

For å inngå ekteskap i Noreg, må det fyrst vurderast om ekteskapsvilkåra er oppfylt. Dette blir kalla prøving av ekteskapsvilkåra, og blir gjort av folkeregisteret ved ditt regionale skattekontor. På bakgrunn av prøvinga, vil folkeregisteret utstede ei prøvingsattest. Attesten er gyldig i fire månadar frå utsteding. Alle spørsmål knytt til prøvinga må rettast til folkeregisteret ved ditt regionale skattekontor.

 

Korleis bestille tid for vigsel? 

Dykk kan bestille tid for vigsel ved å vende dykk til kommunen sitt servicetorg eller ved å sende en e-post til postmottak@vaga.kommune.no. Original prøvingsattest frå folkeregisteret må være innlevert/leggjast ved. Original prøvingsattest kan lastast opp digitalt her.

Dersom dykk ønskjer å gifte dykk fredagar i mai, juni eller august, bør dykk vera ute i god tid med bestilling. Dette er populære dagar.

 

Kor raskt kan vi gifte oss etter å ha levert original prøvingsattest?

Dykk kan tidligast gifte dykk tre dagar etter at vi har motteke prøvingsattest. Vi bekreftar ikkje tidspunkt før vi har motteke original attest. Attesten må vera gyldig på viglingstidspunktet.

 

Kva for dagar kan vi gifte oss?

Vågå kommune gjennomfører vigslar alle vekedagar. Ønskje om andre dagar kan fremjast, men da vil det vera opp til ressursar og kapasitet om det let seg gjennomføre.

 

Kvar held Vågå kommune vigslar

Vågå kommune held i utgangspunktet vigslar på kommunehuset eller kulturhuset. Ønskje om andre plassar kan fremjast, men det vil da vera opp til ressursar og kapasitet om det let seg gjennomføre.

 

Kva kostar det å gifte seg?

Å gifte seg hjå oss er gratis. Ein treng ikkje vera busett i Vågå for å gifte seg i Vågå kommune

 

Kjønnsnøytral ekteskapslov

1. januar 2009 fikk Noreg kjønnsnøytral ekteskapslov. Dette betyr at personar av same kjønn kan inngå ekteskap. Tidligare inngått partnarskap kan omgjerast til ekteskap ved søknad til folkeregisteret.

 

Frammøte

Paret med følgje må møte opp i god tid før avtalt tidspunkt for vigsel. Paret må vise original prøvingsattest og legitimasjon før seremonien startar.

 

Vitnar 

To vitnar må være til stades under seremonien. Dette kan være forloverane eller to andre myndige personar paret har med seg. I unntakstilfelle kan Vågå kommune stille med vitnar. Dette må avtalast på førehand.

 

Språk

Det kan på førehand avtalast at vigselen skal gå føre seg på engelsk. Dersom paret verken forstår norsk eller engelsk, må paret sjølv ta med seg ein kvalifisert tolk.

 

Seremonien

Seremonien tek ca.10 minuttar. Under seremonien blir formular for borgarleg vigsel lese opp. Deretter blir paret spurt om dei vil ha kvarandre til ektefelle. Paret får etter dette ein midlertidig vigselattest. Endelig vigselattest blir ettersendt frå folkeregisteret.

 

Ringer

Det er anledning til å setja på ringar under seremonien. Ver venleg gje beskjed om dette til vigslaren før seremonien startar.

 

Kunstnarisk innslag

Som en del av seremonien, ønskjer enkelte å inkludere musikk eller diktlesing. Dykk kan også ta med eigne instrument, ev. cd-spilar. Dersom kunstnariske innslag blir planlagt, må dykk gje beskjed om dette på førehand.

 

Fotografering

Fotografering og filming kan skje under og etter seremonien i forståing med paret.

 

Parkering

Det er god tilgang på parkeringsplasser i Vågå

 

Korleis får eg kopi av ei gamal vigslingssattest?

For vigsler gjennomført frå 1. oktober 2004 kontaktar du folkeregisteret.

 

Skatteetatens informasjon om ekteskap

Kontakt

Harald Sve Bjørndal
Ordførar (Bygdalista)
Mobil 913 55 807