Utleie av Gjendegarden - Vågå kommune

Utleie av Gjendegarden

Gjendegarden - Ei perle ved Gjende - er open til utleie for alle tilsette og alle innbyggarar i Vågå kommune. 

Gjendegarden ligg idyllisk til ved det flotte vatnet Gjende! Tunet består blant anna av to hytter til utleige. For å kome til Gjendegarden må du ro over vannet frå Gjendeosen, der Vågå kommune har båtar liggande.

Hyttene er definert som lågstandar hytter, men har innlagt straum. Det er også vorte montert forbrenningsdoar i hyttene. 

Den store hytta inneheldt 10 sengeplassar, fordelt på to soverom, mens den lille hytta har 6 sengeplassar. Du kan velge å leige den eine eller begge hyttene. 

Søknad om leige for sommarferien må være inn innan 01.05 og deretter blir datoane fordelt. Søknad om leige for haustferie, vinterferie og påske må være inn 5 veker før leietidspunkt. Øvrige periodar er det “fyrstemann til mølla” prinsippet som gjeld

Fleire detaljar finst under spørsmål og svar. 

Pris per døgn er kr 350,-

For å leige Gjendegarden kan du sende ein e-post til postmottak@vaga.kommune.no. I e-posten skriv du kva for tidsperiode du ønskjer og kva for hytte du ønskjer å leige. 

 

 

Artikkelliste