Prisar og opningstider

Prisliste for kommunal barnehage

 

Har du låg inntekt?

Det er to moderasjonsordninger for familiar eller hushaldninger med låg inntekt. Nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetaling: Viss maksprisen er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til hushaldninga, skal du ha redusert pris.  Dette gjeld både kommunale og private barnehager. Kommunen har ansvaret, og du kan søkje nedsett foreldrebetaling gjennom å levere den siste skattemeldinga til servicetorget i Vågå kommune eller søkje direkte via barnehagesystemet https://barnehage.visma.no/vaga

Det er 20 timar gratis kjernetid per veke for 2-, 3-, 4- og 5-åringar for hushaldninger med låg inntekt. Frå 1. august 2021 er inntektsgrensa på kr 583.650,-.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Mona Sveen på tlf 99 69 38 18 eller på e-post mona.sveen@vaga.kommune.no

Opningstider i dei kommunale barnehagane i Vågå:

  • Søre Grindstugu - kl 7.00 - 16.30
  • Lalm barnehage - kl 7.00 - 16.30

 

Datoar/perioder då barnehagen er stengt:

Barnehagane er stengt i påskeveka, juleveka og om sommaren i vekene 29, 30 og 31.

I tillegg kjem det fem planleggingsdagar. Desse blir det varsla om.

Kontakt

Jorunn Linderud
Tenesteleiar Søre Grindstugu barnehage
Mobil 976 05 695
Siv Kristin Paulsen
Tenesteleiar Lalm barnehage
Mobil 952 81 106