Lalm barnehage

Lalm barnehage ligg ca. 12 km østover for Vågåmo sentrum, mot Otta. Lalm er ei grend i Vågå kommune som har skule, barnehage, samfunnshus og butikk i nærmiljøet.

Årsplan 2020-2021 (PDF, 872 kB)

Lalm barnehage er ein to-avdelingsbarnehage: Knærten 0 - 3 år og Goliat 3 - 6 år. Det er ein pedagogisk leiar på kvar avdeling samt ein barnehagelærar i 60 % stilling på Goliat. I tillegg til pedagogane arbeider det både barnepleiarar og barne- og ungdomsarbeidar. Vi har faste vikarar som vi bruker gjennom heile året.

Barnehagen ligg under same tak som skulen. I og med at skulen og barnehagen ligg så tett i tett blir det noko samarbeid. 

Døme på samarbeid: elevar som les for barnehageungar, leik ute/inne, måltid saman, ulike framsyningar for kvarandre, fadderopplegg.

Uteområdet vårt er vi veldig stolte av. Vi bur midt i skogen, men samstundes midt i sentrum av Lalm. Vi har ljosløype rett utanfor døra, stor og flott ballbinge, handballbane, fotballbane, klatrestativ, husker, fin akebakken og mykje meir. Vi har eit  inngjerda  uteområde til de minste i barnehagen. Det er kort avstand til idrettsplass, lavo, gapahuk, ishockeybane og skogsområde. Vi disponerar også det lokale samfunnshuset så mykje vi vil gjennom heile barnehageåret.

Kva er bra med Lalm barnehage?

  • Samlokalisering med barneskule
  • Fint uteområde
  • Lett tilgang til idrettstilbod av mange slag
  • Lette og lyse lokale
  • Femåringane har svømmeopplæring / vanntilvenning på Vågå Hotel
  • Vi har to måltid kvar dag, lunsj og frukt / brød / knekkebrød om ettermiddagen. I tillegg har vi varmmat to dagar i veka.
  • Vi har god  " boltreplass ", både inne og ute. Vi held oss godt innafor / over arealnormen i fylgje Barnehageloven, 4 kvadratmeter for barn over tre år og 6 kvadratmeter for barn under tre år.

Klikk for stort bilde  

I henhald til nasjonal føring, er alle skular og barnehagar på gult nivå ift koronapandemien frå og med måndag 17. august.

Kontakt

Siv Kristin Paulsen
Tenesteleiar Lalm barnehage
Mobil 952 81 106

Adresse

Skulevegen 4

2682 Lalm

Tlf.nr. avdelingar:

Goliat - 90 76 73 78

Knærten - 90 53 76 48