Lalm barnehage

Lalm barnehage ligg ca. 12 km østover for Vågåmo sentrum, mot Otta. Lalm er ei grend i Vågå kommune som har, barnehage, samfunnshus og butikk i nærmiljøet.

Årsplan 2024-2025 (PDF, 2 MB)

Lalm barnehage er ein tre- avdelingsbarnehage. Humlebolet 1 – åringane. Revehiet 2 -åringane og Bjørnehiet 3 – 5 – åringane. Det er ein pedagogisk leiar på kvar avdeling. I tillegg til pedagogane arbeider det både barnepleiarar og barne- og ungdomsarbeidar. Vi har faste vikarar som vi bruker gjennom heile året.

Uteområdet vårt er vi veldig stolte av. Vi bur midt i skogen, men samstundes midt i sentrum av Lalm. Vi har ljosløype rett utanfor døra, stor og flott ballbinge, handballbane, fotballbane, klatrestativ, husker, fin akebakken og mykje meir. Vi har eit  inngjerda  uteområde til de minste i barnehagen. Det er kort avstand til idrettsplass, lavo, gapahuk, ishockeybane og skogsområde. Vi disponerar også det lokale samfunnshuset så mykje vi vil gjennom heile barnehageåret.

Kva er bra med Lalm barnehage?

  • Samlokalisering med barneskule
  • Fint uteområde
  • Lett tilgang til idrettstilbod av mange slag
  • Lette og lyse lokale
  • Femåringane har svømmeopplæring / vanntilvenning på Vågå Hotel
  • Vi har god  " boltreplass ", både inne og ute. Vi held oss godt innafor / over arealnormen i fylgje Barnehageloven, 4 kvadratmeter for barn over tre år og 6 kvadratmeter for barn under tre år.

 

  

Artikkelliste

Kontakt

Elise Beate Øien
Styrar Lalm barnehage
Mobil 950 67 243

Adresse

Skulevegen 4

2682 Lalm

Tlf.nr. avdelingar:

Bjørnehiet - 90 76 73 78

Revehiet - 90 53 76 48

Humlebolet - 45 31 32 82