Viktig melding

Vågå kommune er igang med Friskus aktivitetskalender!

Nå kan næringsliv og friviljuge lag og organisasjonar synleggjere arrangement og aktivitetar på ei felles side. Dette gjer det mykje enklare for deg som innbyggjar å få oversikt på kva som skjer. 

Gå til vaga.friskus.com

Er di bedrift, lag eller organisasjon arrangør av noko i Vågå? Da kan du opprette ein arrangørprofil, og legge ut arrangementet ditt heilt gratis!


 

Kommunal planstrategi for Vågå 2024-2028 og fastsett planprogram for revidering av kommuneplanens samfunnsdel 2017-2027

Kommunestyret behandla i møte 12.12.2024 sak 101/24 og godkjende kommunal planstrategi for Vågå kommune 2024-2028 og fastsette planprogram for revidering av kommuneplanens samfunnsdel 2017-2027. 

Planstrategien gjer greie for viktige utviklingstrekk og utfordringar samt oversikt over kva for planar som det skal arbeidast med i planperioden. Det er lagt opp til ei stutt revidering av kommuneplanens samfunnsdel i planperioden der hovudtrekk frå gjeldande plan blir vidareført, sjå planprogram side 25. Når forslag til ny samfunnsdel er utarbeidd vil denne bli sendt på eiga høyring. Det er venta at dette blir på våren i 2026.

Dokument i saka: 

Planstrategi 2024-2028 og fastsett planprogram for revisjon av kommunen sin samfunnsdel (PDF, 4 MB)

Saksprotokoll med vedtak (PDF, 128 kB)

Kontakt

Laila Nersveen
Plan- og miljøvernrådgjevar
Mobil 480 69 256