Viktig melding

Vågå kommune er igang med Friskus aktivitetskalender!

Nå kan næringsliv og friviljuge lag og organisasjonar synleggjere arrangement og aktivitetar på ei felles side. Dette gjer det mykje enklare for deg som innbyggjar å få oversikt på kva som skjer. 

Gå til vaga.friskus.com

Er di bedrift, lag eller organisasjon arrangør av noko i Vågå? Da kan du opprette ein arrangørprofil, og legge ut arrangementet ditt heilt gratis!


 

Godkjent plan - Kulturminneplan for verneverdige bygningar og bygningsmiljø i Nordherad

Vågå kommunestyre har 18.9.2018, sak 51/18, vedteke kulturminneplan tematisk og geografisk avgrensa til verneverdige bygningar og bygningsmiljø i Nordherad. 

Gjennom vedtak av kulturminneplanen har Vågå kommune teke til etterretning Gudbrandsdalsmusea sine registreringar og verdivurderingar. Bygningar og bygningsmiljø som er vurdert å ha høg verneverdi skal leggast inn i kulturminnedatabasen Askeladden. 

Vågå kommunestyre godkjende 18.9. 2018, sak 51/18, Kulturminneplan for verneverdige bygningar og bygningsmiljø i Nordherad. 

Kulturminneplanen omfattar følgjande dokument:

Møtebok frå sak 51/18 i kommunestyre viser kommunestyret si behandling av saka. (PDF, 118 kB)

 

Vedlegg 4 - Registrering på eigedomar