Informasjon om vaktmeisterteneste, reinhaldsteneste og vedlikehald av park- og grøntareal i Vågå - Vågå kommune

Vaktmeister - reinhald - grøntanlegg

Kontaktpersonar:

Egil Kveen, fungerande avdelingsleiar kommunale bygg

Egil Kveen, leiande vaktmeister

Tea Myrum, leiande reinhaldar

 

 

Vaktmeistertenesten

Skal-/primæroppgåver:     

  • Syta for funksjonelle bygg og anlegg, samt syta for sikker og god tilkomst til ein kvar tid. Dette inneber dagleg/periodisk vedlikehald av bygget,  tilsyn med ventilasjonsanlegg, varmeanlegg, elektriske anlegg, heisar, sanitæranlegg, alarmanlegg, brannsikring, sløkkjeutstyr, ENØK- arbeid, kontroll/utbetringar av godkjent/akseptert leikeapparat, brøyting og strøing.  

Må-/primæroppgåver:    

  • Utføre alle nødvendige utbetringar av skader på bygning/anlegg og utstyr for  at dei skal fungera, plenslått/gartnararbeid, hjelp på kyrkjegarden.

Bør-/primæroppgåver:    

  • Anna vedlikehald for å oppretthalde byggets verdi, som kan utførast innanfor ramma av disponible midlar.

Kan-/sekundæroppgåver:    

  • Andre servicerelaterte oppgåver som vaktmeistrane kan utføra innanfor disponibel tid og kompetanse.

 

Reinhaldstenesten    

Skal-/primæroppgåver:    

  • Syta for riktig og tilstrekkeleg reinhald til ein kvar tid, i alle offentlege bygg.
  • Rapportera om skadar og vedlikehaldsbehov på bygg og anlegg, som vert avdekka ved dagleg reinhald  


Sysselsettingsgruppa:

Skal-/primæroppgåver:

  • Drive brukartilpassa arbeidsopplæring for arbeidsledige, som ikkje har rett på dagpengar eller går på passiv sosialstønad
  • Fungera som arbeids- og språkpraksisplass for flyktningar på introduksjonsstønad

Kan-/sekundæroppgåver:

  • Drive brukartilpassa arbeidsopplæring for arbeidsledige som har rett på dagpengar, som ein del av eit arbeidsmarknadstiltak 

Kontakt

Egil Kveen
Leiande vaktmeister
Mobil 932 63 403
Steinar Løkken
Tenesteleiar kommunal eigedom
Mobil 450 05 420