Offentlege bygg

Eigedomsavdelinga har ansvaret for

  • Forvaltning, drift, vedlikehald, utvikling og service  av- og på kommunale eigedomar (FDVUS); deriblant utleigebustader, omsorgsbustader, trygdebustader, alders- og sjukeheim, skular, barnehagar, kommunehus, kulturhus, idretts- og symjehall. Alle bygg skal til kvar tid vera i forsvarleg og sikker stand, samt tilgjengeleg for alle aktuelle brukarar. Dette inneber brøyting, strøing og istandsetting framom bygg, drift av ljos, varme og ventilasjon og anna bygningsmessig tilrettelegging. Alle bygg skal ha eit godt reinhald og innemiljø, i samsvar med gjeldande lover og forskrifter. 
  • Stell av kommunale park- og grøntområde
  • Delansvar for graving av graver, og vedlikehald på kyrkjegarden. Dette utgjer ca. 1000 timar pr år.
  • Utleige av kommunale utleigebustadar, trygde- og omsorgsbustadar, med om lag 100 utleigeeiningar.
  • Prosjekt- og byggeleiing av kommunale byggeprosjekt.
  • Kjøp og sal av eigedomar.
  • Er kommunens representant i Fagrådet for kommunale innkjøp i 6-K, med ansvar for utarbeiding og anskaffing av rameavtalar og kommunale innkjøpsavtalar 
  • Eigedomsavdelinga har ansvar for at riktig service og vedlikehald blir utført på alle kommunale tenestebilar, samt utfører naudsynt dekkskifte til ein kvar tid.

 

Bygningsmasse offentlege bygg
Type bygg Kvadratmeter Kommentar
Skulebygg 6.800
Barnehage 1.554
Helse- og omsorgsbygg (inkl omsorgsbustader) 8.943 25 omsorgsbustader
Administrasjonsbygg 3.000
Idrettsbygg 2.400
Kulturbygg 3.865
Utleigebustader 2.240 30 einingar
Trygdebustader 2.555 35 einingar
Andre bygg 2.230
Sum 33.587

Kontakt

Kåre Frydenlund
Tenesteleiar kommunal eigedom
Mobil 414 10 112