Påkjørsel av dyr

Skulle du komme i skade for å køyre på dyr langs vegen, pliktar du som sjåfør å stoppe og varsle frå til anten lokal fallviltgruppe eller politiet (tlf 02800).

Fallviltgruppe

Fallviltgruppe
Namn Telefonnr
Egil Skogum (leiar) 95 14 73 25
Håvard Myrum 91 36 24 60
Anders Bersu 90 10 54 10
Vidar Rugsveen 91 72 74 27
Ola Auale 91 38 32 20

Sal av fallviltkjøtt  - vilt påkjørt på veg.

Kvart år blir det påkjørt hjortevilt etter vegen, hovudsakeleg elg og hjort. Noko av dette kjøttet har god kvalitet og er godt egna som menneskemat. Fleire medlem av fallviltgruppa er godkjende feltkontrollørarar og kan vurdere om kjøttet har ein slik kvalitet at det kan seljast.

Prisen per kg ligg på mellom 30-50 kr, avhengig av kvalitet. Tid på året, kondisjon til elg/hjort og skade kan verke inn på kjøttkvaliteten.

Dersom du ønskjer å kjøpe påkjørt hjorteviltkjøtt kan du sende ein e-post til servicetorget der namn, adresse, telefon og e-post adresse er oppgjeve. postmottak@vaga.kommune.no . Det blir seld heile og halve dyr. Kjøttet må kunne takst hand om på stutt varsel.

Helsing

Laila Nersveen

Plan- og miljørådgjevar

Tlf. 61293615

laila.nersveen@vaga.kommune.n