Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Formålet med SMIL-ordninga er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap, samt å redusere forureininga frå jordbruket, utover det som er forventa gjennom vanleg landbruksdrift. Eit viktig siktemål med ordninga er å få til ein meir målretta innsats med utgangspunkt i lokale behov, utfordringar og målsetjingar.

Informasjon om ordninga og søknadsskjema

Søknadsfrist på SMIL 2025 er 1. mai. Er det att midlar etter søknadsfristen, blir det ny søknadsfrist på hausten. Søknader som gjeld fjerning av piggtråd blir behandla fortløpande og ingen frist (med forbehold om midlar på hausten).

Det kan søkjast tilskot til:

  • Kulturlandskapstiltak
  • Planleggings- og tilretteleggingstiltak
  • Forureiningstiltak

Kven kan søkje?

  • For å få innvilga tilskot er det vilkår om at tiltaket skal gjennomførast på ein landbrukseigendom, og det må foregå ein tilskotsberettiga jordbruksproduksjon på landbrukseigedomen. Eigar som sjølv ikkje driv areala, kan søkje om tilskot dersom det blir drive tilskotsberettiga jordbruksprodukson på eigedomen. Leigetakar til det tilskotsberettiga arealet kan og søkje dersom det føreligg godkjenning frå eigar
  • Søkjar må ha gjødslingsplan og journal over plantevernmiddel, samt kart over eid og leid jordbruksareal som føretaket disponerer. Kulturminner, områder som er viktige for biologisk mangfald, areal med risiko for tap av jord og næringsstoffar og andre forhold av miljømessig betyding skal være kartfesta og skildra.
  • Tiltak skal ikkje vere starta opp før tilskot blir innvilga.
     

Prioriterte tiltak:

Kulturlandskap 

  • Fjerning av gamal piggtråd og netting. Eigen tilskotssats: kr 20/meter. 
  • Rydding og inngjerding av gamal kulturmark som skal nyttast til beite. Gjeld areal det ikkje er søkt produksjonstilskot på. 
  • Rydding av stier og gamle ferdselsveger i landskapet.
     

 Kulturminne/Kulturmiljø

  • Verneverdige bygningar (SEFRAK-registrerte) og kulturminne (eks. stabbur, utløer, seterhus, stall m.m.).
  • Hus som ikkje lenger er i dagleg bruk.
  • Våningshus/kårhus med antikvarisk verdi, som er i bruk. Desse er lågare prioritert, men kan få tilskot dersom det er ledige midlar.
  • Tilskot avgrensa til 35% av godkjent KO.
  • Alle tiltak på bygningar er avgrensa til 200.000 kr pr. bygning.


Andre tiltak

  • Utekveer og samleplassar for beitedyr.
  • Etablering av permanente lagerplassar for rundball.
  • Etablering av fangdammar.
  • Tilskot avgrensa til 35% av godkjent KO eller kr 30.000 pr. tiltak.
     

Meir informasjon og søknadsskjema finn du på heimesida til Landbruksdirektoratet

Lokal strategiplan for SMIL - ordninga 2024-2027 finn du her. (PDF, 2 MB)

Kontakt

Anna Bilstad
Konsulent
Mobil 900 84 102

Tilstades måndag og tysdag

Jan Teigen
Landbruksmedarbeidar
Mobil 994 51 073