Tilskot ved produksjonssvikt

Gjeld tilskot ved vesentleg svikt i planteproduksjon (Avlingsskade) på grunn av klimatiske forhold det ikkje er mogleg å sikre seg mot.

Kven kan søkje?

  • Jordbruksføretak med vesentleg produksjonssvikt kan søkje om tilskot. Før du søkjer må du ha meldt frå om svikten til kommunen

Meld frå til kommunen

Det er eit vilkår for å kunne motta tilskot ved produksjonssvikt at du har gitt kommunen melding om skade. Meldingen skal gis så snart skaden har oppstått eller vil kunne oppstå, slik at kommunen skal ha mulighet til å kontrollere arealet på eit tidspunkt der klimaskaden kan påvises.

Melding om skade gjøres elektronisk via Altinn Dersom du har skade i flere ulike vekstgruppar, må det leveres ein egen melding for kvar av vekstgruppane. Meldingen blir sendt til kommunen hvor driftssenteret for foretaket ditt ligg, og du vil motta kvittering for innsendt melding.

Dersom kommunen ønsker å foreta ein stedlig kontroll i forbindelse med meldingen, vil du bli kontaktet.

OBS: Ein melding om skade er ikkje ein søknad. Søknadsfristen for tilskot ved produksjonssvikt er 31.10. i skadeåret, og ein søknad om tilskot sendes via eget søknadsskjema.

Kort om ordninga

  • Berre skadar som skriv seg frå klimatiske forhold, kan gis tilskot for.
  • Avlinga i skadeåret må vere mindre enn 70 prosent av gjennomsnittsavlinga for vekstgruppa for å utløyse grunnlaget for tilskot. Det vil seie at det er ein eigen risiko på 30 prosent.
  • Produksjonssvikten må ha ein klimatisk årsak det ikkje er mogleg å sikre seg mot.
  • Tilskot føreset at det er godt dokumentert at det er ein klimatisk skade som er årsak til produksjonssvikten.
  • Tilskot føreset at føretaket har drive på ein fagleg forsvarleg måte og gjort det som ein normalt kan rekne med for å førebyggje tap. Dette inkluderer, men er ikkje avgrensa til, at art og sort skal vere tilpassa normale klimatiske forhold, at arealet skal vere godt drenert, og at avlinga må bli hausta.
  • Tilskot kan gis til føretak som 
    • har hatt svikt i plante- eller honningproduksjon på bakgrunn av klimatiske forhold 
    • på skadetidspunktet oppfyller vilkåra for å kunne få produksjonstilskot
    • ikkje kan få dekt tapet gjennom ei allment tilgjengeleg forsikringsordning eller på anna måte
    • utan ugrunna opphald har gjeve melding til kommunen om at skade har oppstått, eller vil kunne oppstå

 

Dette bør du førebu

Du må kunne dokumentere årsakssamanhengen mellom skaden og klimatiske forhold. I tillegg må du gjere ei vurdering av om heile produksjonssvikten kjem av klimatiske forhold eller om delar av denne kjem av dyrkningstekniske eller andre ikkje-klimatiske forhold.  

Om det er første gong du søkjar, tilrår vi at du startar på søknaden i god tid før fristen. 

 

Kva du kan søkje tilskot for

Du kan søkje tilskot for

  • produksjonssvikt for bær
  • produksjonssvikt for frukt
  • produksjonssvikt for grønsaker
  • produksjonssvikt for korn og anna frø til modning
  • produksjonssvikt for poteter
  • produksjonssvikt for grovfôr i føretak med husdyr
  • produksjonssvikt for grovfôr i salsproduksjon

Du kan ikkje få tilskot for

  • produksjonssvikt som har opphav i sjukdommar, skadedyr og ugras, sjølv om førekomsten kan knytast til klimatiske forhold
  • produksjonssvikt som kjem av ei driftsform som ikkje er fagleg forsvarleg
  • produksjonssvikt som kjem av forhold som kan kontrollerast ved aktiv bruk av førebyggjande tiltak
  • indirekte klimatisk skade, til dømes dårleg pollinering, som gjev låge avlingar, eller sterk vind, som gjev mykje nedfallsfrukt. Jordskred blir i utgangspunktet ikkje rekna som direkte klimatisk skade.  

Kontakt

Kjersti Reksen
Konsulent
Mobil 947 99 432