Konsesjon for overtaking av fast eigedom - Vågå kommune

Konsesjon for overtaking av fast eigedom

Ved overdraging av fast eigedom må kjøparen har konsesjon.

Det er fleire unnatak frå dette, mellom anna vil overdraginga som oftast vere konsesjonsfri om: 

  • Kjøparen har odelsrett til eigedomen eller er i nær slekt med seljaren
  • Eigedomen er ein bygd eigedom som ikkje er større enn 100 dekar, der fulldyrka og overflatedyrka jord ikkje er meir enn 35 daa og eigedomen skal nyttast som heilårsbustad
  • Ubebygde enkelttomter for bustad og fritidshus, om tomta ikkje er større enn 2 dekar og er godkjent frådelt etter plan- og bygningslova og jordlova.

Den som overtek ein landbrukseigedom vil normalt få buplikt.

Meir informasjon om konsesjon finn du her

Konsesjonsloven

Kontakt

Per-Ivar Weydahl
Landbrukssjef Vågå og Sel
Mobil 920 41 410

Landbrukssjef for felles landbrukskontor for Vågå og Sel.