Viktig melding

Vågå kommune er igang med Friskus aktivitetskalender!

Nå kan næringsliv og friviljuge lag og organisasjonar synleggjere arrangement og aktivitetar på ei felles side. Dette gjer det mykje enklare for deg som innbyggjar å få oversikt på kva som skjer. 

Gå til vaga.friskus.com

Er di bedrift, lag eller organisasjon arrangør av noko i Vågå? Da kan du opprette ein arrangørprofil, og legge ut arrangementet ditt heilt gratis!


 

Handlingsplan næringsliv og reiseliv - 2024

Handlingsplanen for næring og reiseliv blir rullert årleg, basert på innspel frå næringsliv, reiseliv og politikarar.

 

Handlingsplanen er næringsavdelinga si rettesnor for kva oppgåver som skal prioriterast i løpet av året. Status på tiltaka blir rapporter til formannskapet kvar haust, før arbeidet med rullering blir satt i gang.

Tiltaka er basert på Vågå kommune sin samfunnsplan.

Nye tiltak som får økonomiske konsekvensar må speglast i økonomiplan / budsjett. I tillegg til at tiltaka må tilpassast med tanke på arbeidsbelastning på tilgjengelege ressursar i administrasjonen.

Næringsavdelinga set stor pris på innspel til tiltak. Desse kan sendast på mail live.brimi@vaga.kommune.no

 

Artikkelliste