Teater

Likar du å leike og skape saman med andre? 

Vil du spele teater på ei sc 

Da er kanskje teater noko for deg! 

Teaterundervisninga skjer i gruppe, og er ein sosial aktivitet.  

Elevane lærar å uttrykke seg på ulike vis, saman og aleine, med kropp og stemme, i fantasilandskap, med ulike kjensler og i ulike situasjonar.

Vi jobbar med å utvikle skodespelarteknikkar, og nyttar verktøy som rørsle, pantomime, innleving, konsentrasjon, gruppemedviten, samspel, rytmikk, avspenning, improvisasjon, stemmebruk og tekst.

Slik er teaterarbeid med på at eleven finn fram til sine eiga uttrykk, og vil kunne nytte på scena og i livet.


Frå fagplanen i teater, norsk kulturskuleråd:

3.5.2. Overordna mål

Gjennom arbeidet med teater skal elevene
•utvikle uttrykksevne, formsans og ferdigheter i å agere
•kunne anvende teater som kommunikasjonsmiddel
•oppleve mestringsglede og positiv egenutvikling
•utvikle evne til kritisk tenkning, empati og lagspill
•utvikle evne til å utforske fortid, nåtid og framtid
•få muligheter til fordypning som kan danne grunnlag for høyere utdanning i teater
•bli ressurspersoner som bidrar til et levende kulturliv

Interessert i å lese meir av fagplanen?

 

Vi tilbyr:

  • Borneteater – frå 3. -7. steg
  • Ungdomsteater- frå 8. steg


Kulturskulen deler inn i grupper etter kor mange elevar vi har og erfaring. Maks 14 elevar per gruppe. Året går frå august-mars/april etter framsyning. Nytt opptak i mai/juni for neste skuleår.

Elevane er med på 1-2 framsyningar i året. Skuleåret 18/19 vil teaterelevane truleg samarbeide med danse- og barnekorelevane om ei felles framsyning.

Kulturskulen forventar at føresette er med å lage kostymar, rekvisittar og scenografi osv. til framsyningar.

Kontakt

Anita Moe
Kulturskulerektor
Telefon 61 29 36 27
Mobil 901 58 217

Har administrativt ansvar for kulturskulen, og følgjer opp UKM. Underviser i fløyte og teater.