Skulekorps

Vil du spille i Vågå skulekorps?  Å spele i korps er sosialt, lærerikt og artig! Meld deg på da vel!

Hausten 2015 starta vi opp med skulekorps i Vågå, med tilbod på messinginstrument og trommer. Og hausten 2019 opna vi opp for treblåsarar i skulekorpset, så no kan vi utvikle oss til eit janitsjarorkester!   Etter obligatorisk 3. klassekorps i skuletida, er elevane frå og med 4.årssteg velkomne til å melde seg på skulekorps, gjennom kulturskulen.

Vi har tilbod om å spela eit av desse instrumenta:  Fløyte, klarinett, kornett, horn, baryton, trombone, tuba eller trommer.

Undervisninga vil bli  ein gong i veka med undervisning individuelt eller i lita gruppe. Annakvar måndag er det samspel for alle saman.   Du vil få leige instrument gratis. 

Skulekorpset vil ha eigne arrangement i tillegg til kulturskulen sine, td turar, seminar, stevne, deltaking på 17.mai m.m.

Vi satsar på mykje moro og sosialt i tillegg til det musikalske. Dei siste åra har Vågå skulekorps delteke på ein stor korpsfestival på Tusenfryd, utanfor Oslo, med speling og mykje moro. Ungane storkoste seg båe gongane, både musikalsk og sosialt, med ungdomsdisco, pizza, overnatting på skule med alt som høyrer til. Denne turen var i samarbeid med korpsmusikantar på Otta. 

Velkommen til vordande korpsmusikantar!

Lærarane på skulekorps er Odd Ivar Svelstad, samspel og messinginstrument, Mariann Kleiven på klarinett, Anita Moe på tverrfløyte og Paulo Macamo på trommer. Undervisningsdagar for individuell- og gruppeundervisning blir bestemt saman med elevane i byrjinga på skuleåret.

Kontakt

Anita Moe
Kulturskulerektor
Mobil 901 58 217

Underviser også i fløyte og teater.