Viktig melding

Vågå kommune er igang med Friskus aktivitetskalender!

Nå kan næringsliv og friviljuge lag og organisasjonar synleggjere arrangement og aktivitetar på ei felles side. Dette gjer det mykje enklare for deg som innbyggjar å få oversikt på kva som skjer. 

Gå til vaga.friskus.com

Er di bedrift, lag eller organisasjon arrangør av noko i Vågå? Da kan du opprette ein arrangørprofil, og legge ut arrangementet ditt heilt gratis!


 

Bunad

Vil du sy din eigen bunad eller festdrakt?

Her får du sy ein bunad eller ei festdrakt i valfritt material. Kurset går over eit år. Du vil få undervisning to timar kvar veke, like etter skuleslutt på Håndverkshagen på lalm.

Kurslærar er bunadstilverkar Heidi Løkken Karsten.

Du får sponsa material med opptil 2000,-, og må dekkje resten av materialkostnadane sjølv.

 

Maks 6 deltakarar.

Artikkelliste