Junior- og ungdomsklubb

Vågå Ungdomsklubb har ope kvar torsdag, bortsett frå i skuleferiane. Fyrste tilgjengelege torsdag i månaden er det juniorklubb for 5. - 7.steg.

På klubben har vi datarom, tv-spelbåsar, biljard, dart og andre spel. Kvar kveld viser vi ein film og har kiosksal. I blant har vi utvida arrangement, som bukkeball, halloween osv.

Kvar tysdag etter skuletid har vi Ungdomsfritidsordning(UFO) på klubben. Her får elevane servert suppe, får leksehjelp om dei ynskjer og har elles ein plass å slappe av og kose seg

I regi av ungdomsklubben arrangerer vi også ulike friluftsaktivitetar, som til dømes «overlevelsesturen» Salt og Fyrstikker, fisketurar, fellefangstkurs.

Kontakt

Jørgen Vole
Ungdomskonsulent
Mobil 917 99 894