Viktig melding

Vågå kommune er igang med Friskus aktivitetskalender!

Nå kan næringsliv og friviljuge lag og organisasjonar synleggjere arrangement og aktivitetar på ei felles side. Dette gjer det mykje enklare for deg som innbyggjar å få oversikt på kva som skjer. 

Gå til vaga.friskus.com

Er di bedrift, lag eller organisasjon arrangør av noko i Vågå? Da kan du opprette ein arrangørprofil, og legge ut arrangementet ditt heilt gratis!


 

Kvennberget på Lalm

Kvennberget (Tolstadkvennberget) på Lalm er eit av dei eldste områda innan kvernsteinsproduksjon i Noreg.

Skriftlige kjelder antyder at det var drift på 1400-tallet, men det er mogleg at det vart produsert kvernsteiner allereie i vikingtida. Frå Kvennberget vart det levert steinar både i Noreg og til andre land. Kvennberget vart freda som kulturminne i 1987.


Lalm samfunnshus har ei utstilling over temaet. Ta kontakt på telefon 48022559 om du vil sjå utstillinga.

Det er skilta til Kvennberget frå Rv 15 ved samfunnshuset på Lalm.

.www.kulturarv.no/kulturminne/kvennberget-mollesteinproduksjon

https://www.youtube.com/watch?v=8el8M6tKLNA