Viktig melding

Vågå kommune er igang med Friskus aktivitetskalender!

Nå kan næringsliv og friviljuge lag og organisasjonar synleggjere arrangement og aktivitetar på ei felles side. Dette gjer det mykje enklare for deg som innbyggjar å få oversikt på kva som skjer. 

Gå til vaga.friskus.com

Er di bedrift, lag eller organisasjon arrangør av noko i Vågå? Da kan du opprette ein arrangørprofil, og legge ut arrangementet ditt heilt gratis!


 

Kulturpris og kulturstipend

Kven meiner du bør få Vågå kommune sin kulturpris og Vågå kommune sitt kulturstipend?

Send inn ditt forslag til kven som skal motta kulturprisen eller kulturstipendet

Kulturpris og kulturstipend

  • Vågå kommune kan kvart år dele ut ein kulturpris og/eller eit kulturstipend.
  • Kulturprisen er på 10 000 kroner og kulturstipendet på 5 000 kroner.
  • Formålet med prisen/stipendet er å stimulere til aktivt kulturarbeid i Vågå.
  • Prisen/stipendet skal gjevast for aktivt kulturarbeid over tid eller for spesielt
  • fortenestefullt enkelttiltak eller prestasjon som kjem kulturlivet i Vågå til gode.
  • Prisen/stipendet kan tildelast enkeltpersonar, lag foreiningar eller institusjonar som har tilknyting til Vågå og som har gjort ein stor innsats innanfor området som gjeld heile det utvida kulturomgrepet.
  • Hovudutvalget for oppvekst, kultur og omsorg (HOKO) er jury for tildelinga, etter at publikum har fått høve til å fremje grunngjevne forslag på kandidatar. Juryen kan og koma med forslag på kandidatar.
     

Send inn forslag

Fristen for å sende inn forslag er 1. mai kvart år. 

Du kan også sende inn dine forslag her: postmottak@vaga.kommune.no