Oppdaterte besøksrutiner ved Vågåheimen frå 12. juni 2020

I samråd med smittevernlegen er det frå 12. juni innført nye rutinar for besøkjande til Vågåheimen

  • Alle som skal inn på Vågåheimen skal bruke handsprit før og etter besøk. Personalet vil behandle overflater med desinfeksjonsmiddel etter besøk.
  • Det skal tilstrebast at besøk skal vere på BESØKSROM eller på anvist UTEPLASS. Besøk som tas på rommet, må følge husets hygieneregler. Opphald i fellesareale er ikkje tillatt.
  • Pasient og besøkjande må være utan symptom på covidsmitte og ikkje hatt nærkontakt med andre mistenkt smitta.
  • Besøkjande må gjere avtale med personalet ved Vågåheimen før dei kjem på besøk.
  • Besøkjande bør holde 1 meters avstand til den dei besøker.
  • For å ivareta krav om avstand, tillet vi inntil 2 besøkjande samtidig.
  • Kvart besøk skal avgrensast til ein time inntil 4 gonger i veka.
  • Besøk skal dokumenterast i pasienten sin journal.

 

Biltur

  • Vi åpnar for at pårørande kan ta med pasient på biltur.

Regelen med avstand blir då vanskeleg å oppretthalde, men det forutsettes av pårørande unngår nærkontakt utover det som er nødvendig for å komme inn og ut av bil.

Det er ikke anledning til å ta med pasienter inn på kafe eller andre stader der det er mange menneske samla.

Smittevernreglene gjeld ellers som tidlegare.

 

 

Vågåheimen 12. juni 2020.

Marianne Stadeløkken, tenesteleiar.

Kontakt

Marianne Stadeløkken
Tenesteleiar Vågåheimen
Mobil 970 29 735