Kva er videokonsultasjon?

Videokonsultasjon er ein ny måte å tilby helsetenester på.

Målet er at du skal sleppe å dra til sjukehuset når det ikkje er naudsynt, og der kommunehelsetenesta lokalt kan hjelpe deg.

Videokonsultasjon passar ikkje for alle, og ved behov for vidare undersøking, må du til sjukehus. Vurderinga vert gjort av helsepersonell og lege/ legevakt.